Sidertur til Sæbø gard og Apal sideri (1208)

Fellestur

Dato
25. juni kl. 11:00 - 13:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, , Fottur, Nærtur, Naturlos, Tematur, Cider, Eplejuice
Arrangører
Stavanger Turistforening, Hjelmeland Turlag
Turområde
Ryfylkeheiane (se kart)
Turkode
1208
Dette arrangementet er over!

Har du lyst å bli med på sidersmaking hjå ein verdsmeister? 
Dei driftige fruktbøndene i Hjelmeland er sankemeistrar, og flittige som biene. Kvar haust sankar dei tonn etter tonn med saftige, smakfulle epler, pærer og andre frukter.  Og fleire av dei lagar edle, boblande dropar av råvarene.  Dan Olav Sæbø er fruktdyrkar og verdsmeister i siderbrygging  Han inviterar deg til gards !

Sæbø gard/Apal sideri ligg rett ovanfor Hjelmelandsvågen med vidt utsyn over Hjelmelandsfjorden. Her står det rad på rad med epler av ulike slag; Gravenstein, Raud Aroma, Rubinstep, Discovery og Elstar. Her tryllast det fram jus og eplesider i verdsklasse. Apal sin Sølvsider blei kåra til verdas beste sprudlande sider i 2020 i Cider World. 

Dan Olav møter opp i sekretariatet på Sanketorget kl 11.00. - Han tar deg med på den ca 400 m lange rusleturen opp gjennom gamle strandstaden, langs frukthagane og opp til tunet der det nybygde sideriet ligg.   Her får du omvisning og gardshistorier medan du smakar på 3 ulike sidertypar saman med litt spekemat og ost.  Du kan sjølvsagt òg få handle frå Sideriet.  

Pris pr person kr 495,-.
Betalingen enten her ved påmelding eller vippsast inn ved oppmøte i sekretariatet.

Siderturen inngår som ein del av programmet på Sankefestivalen 2022.

Sidertur til Sæbø gard og Apal sideri (1208)

Har du lyst å bli med på sidersmaking hjå ein verdsmeister?  Dei driftige fruktbøndene i Hjelmeland er sankemeistrar, og flittige som biene. Kvar haust sankar dei tonn etter tonn med saftige, ...

Kontaktinformasjon: